Malene Silgjerd og Olga Helle fann skikkeleg tona med Flis. At ho er verdsmeister let dei seg imponere av.
Safaa Skeif, Mirjam Fjeldheim-Berge og Cecilie Bligaard koser seg med å lage varer til årets julemesse på Vepro.

Dansa for dei eldre

Smila var store og latteren trilla, då bebuarane på Nedstrand
omsorggsenter fekk besøk av Flis og Ludvig.

Av Mona Terjesen

Det blei ein veldig annleis dag for dei eldre på omsorgssenteret i Nedstrand, då Kjellaug Selsaas og hundane hennar Flis og Ludvig kom på besøk.
Verdsmeister
Kjellaug er lærar for hundelinja på Tveit vidaregåande skule. Flis og Ludvig er autoriserte terapi- og skulehundar. Flis er mammaen til Ludvig og har i løpet av sine ni leveår, rekke å bli svært så god i lydigheit. Så god at ho er blitt kåra til verdsmeister.
– Det er ikkje kvar dag me får ein verdsmeister på besøk. Det var imponerande, seier 90 år gamle Malene Silgjerd idet ho helsar på dei to Border Collieane. Flis likar den gamle dama så godt at ho like godt bukser oppi stolen ved sidan av og legg hovudet i fanget hennar. Å bli klødd bak øyra er tydelegvis noko ho sett pris på. Her vil ho bli liggande ei stund…

Les heile saka i papirutgåva