Bjørn Arne Steinsland skal trene Skjold saman med Dagfinn Fjellet. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Bjørn Arne Steinsland skal trene Skjold saman med Dagfinn Fjellet. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Steinsland og Fjellet skal trene Skjold

Skjold melder på sine heimesider at Bjørn Arne Steinsland og Dagfinn Fjellet skal trene a-laget.

Spelarane fekk beskjed torsdag om at duoen skal lede laget denne sesongen. Då Tysvær Bygdeblad snakka med Steinsland sist veke, hadde han allereie lova å trene laget fram til trenerar var på plass.
Bjørn Arne Steinsland har også tidlegare trent a-laget og har saman med Fjellet også hatt ansvaret for juniorlaget i klubben.

Hans Gunnar Hansen held fram som lagleiar for 4. divisjonslaget.