For eit comeback

Randi Rettedal er tilbake i Tysvær-politikken. Som foreslått listetopp er ho garantert plass både i kommunestyret og kanskje også i formannskapet.

Etter å ha vore ein svært synleg politikar både for Høgre og Framstegspartiet gjennom fire periodar, var det eit tomrom å fylle då ho gav seg ved sist val. Karsten A. Larsen har på mange måtar gjort ein god jobb, men det blei å hoppe etter Wirkola.
Når rektoren på Tveit nå har takka ja, er det eit todelt comeback. For det første har ho annonsert mykje energi og ei stor lyst til å vere med på å skape noko i Tysvær.
For det andre er det nå komme inn ein sparringspartnar som gjer at hovudkonkurrentane Sigmund Lier (AP) og Ola S. Apeland (H), verkeleg har fått noko å bryne seg på.
Kanskje er dette sunt for politikken og det politiske livet i Tysvær. Eit sterkt Frp, med duoen Rettedal og Lars Birger Baustad, vil kunne skape ei politisk bredde i det politiske landskapet Tysvær nå beveger seg inn i.
For ein kan seie kva ein vil om Rettedal, og det gjer ein også, men at ho har politisk ballast og noko å melde, må sjølv kritikarane innrømme. Og i ein valkamp kor viktige saker om kommunen si framtid vil prege alle partia, er det å ha fritalande og engasjerte lokalpolitikarar svært viktig.
Eg trur som observatør, at lokalpolitikarar som Randi Rettedal er viktige for å skape interesse og ikkje minst omtale av valkampen i Tysvær. Ein treng ikkje vere spåmann for å kunne seie at det vil bli heftige debattar utover sommaren og hausten 2015.
For Framstegspartiet har hausten vore bekmørk. Ikkje berre lokalt, men også sentralt. Meiningsmålingane er som dei verste mareritt og det er snart berre dei aller ivrigaste som klarer å tolke innsatsen til Siv Jensen til noko positivt. Hadde ikkje Baustad og hans nominasjonskomité komme opp med eit så sterkt namn som Rettedal, er eg redd for at Frp for ei tid hadde forsvunne ut av Tysvær-politikken.
Det betyr ikkje at partiet nå har fått alt på stell. Nå må dei ut og vise at det er ny giv. At det som skjer i regjeringskvartalet ikkje skal få påverke alt det som skjer i Tysvær. Svært mange har stemt på Frp dei siste vala. Dei har nok venta spent på ei avklaring, for dette er ei stor og trufast gruppe veljarar.
Nominasjonsmøte i Framstegspartiet er den 12. februar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør