Rådmann Arvid S. Vallestad. Foto: Mona Terjesen
Rådmann Arvid S. Vallestad. Foto: Mona Terjesen

Vil behalde buplikta

Rådmannen fryktar at ei oppheving av konsesjonslova vil føre til færre bønder og eigedomsspekulering utanfrå.

Av Mona Terjesen

Landbruks- og matdepartementet har komme med eit forslag om å oppheve konsesjonslova og enkelte bestemmingar i odelslova om buplikt. Dette forslaget er sendt på høyring, og førre veke låg saka på teknisk utval sitt bord. Der stemte politikarane mot departementsforslaget og går for å behalde dagens ordning.

Motforslag
– Forslaget er bra for dei som vil selje, men ikkje for dei som vil drive, kommenterte Arvid Bakken (H).
– Det er ikkje slik at det vil komme ein haug med kinesarar og kjøpe opp jorda vår, om me går for ei oppheving. Lova vil uansett verne om jorda, repliserte Lars Birger Baustad (FRP).
Han la på vegne av partiet sitt fram eit motforslag, som seier at dagens konsesjonslov og buplikt er ei sterk innskrenking av eigaren sin råderett over eigen eigedom.
«Eigendomsretten er ein grunnleggande verdi i samfunnet vårt, og forslaget til departementet vil styrke den enkelte si rett til fritt å disponere eigen eigedom. Ei oppheving vil legge til rette for nyrekruttering og vekst i landbruket».
Dette forslaget gjekk FRP sine to representantar for, og det splitta Høgre. Mens Arvid Stokkenes og Arvid Bakken stemte mot, gjekk Marit Eikehaugen for. Dermed fell forslaget med tre mot seks stemmer.
I rådmannen sitt forslag, som fleirtalet gjekk for, seier han at kommunen må sjå matjorda som er ein livsviktig ressurs som må forvaltast langsiktig. At konsesjonslova, med buplikt og prisregulering for landbrukseigedomar, medverkar til å sikre tilstrekkeleg matproduksjon, rekruttering til landbruket og busetting i heile kommunen.
Baustad uttalte under møtet at rådmannen berre har fokusert på det negative i saksframlegget sitt.
– Eg er skuffa over saksbehandlinga, fastslo han.

Les heile saka i papirutgåva