Av Alf-Einar Kvalavåg
og Mona Terjesen
– Møtet på måndag var eit nytt steg, om ikkje så stort, så i rett retning. Me skal møtast att på fredag og diskutere videre på det som bør bli ei sak levert til formannskapet om kort tid. Der må ein legge fram korleis ein vil gå vidare og kva ein vil prioritere i tida som kjem. Det viktigaste nå er at me er med, seier ordførar Harald Stakkestad.
Det var ein del frustrasjon etter måndagens møte. Det kan vere at ein del av politikarane nå, enten meiner det går for seint, eller at det manglar på infomasjon.
– Eg har registrert det, men er ikkje redd for at me ikkje skal få fram den informasjonen som trengst. Eg trur alle kommunane nå må gå grundig inn i ei vurdering av kva som er plussar og minusar, ved ei evntuell samanslåing. Det er ein prosess som nok vil bli meir synleg utover våren, seier ordføraren.
Les heile saka i papirutgåva