Jentene frå 6.- og 7. klasse på Straumen imponerte alle - under skuleturneringa.          Med berre ein innbytar og tette kampar, tapte dei finalen på målstreken. Her er Tiril i angrep.  Foto: Mona Terjesen

Straumen-sølv

Dei kom til topps i skuleturneringa i handball, men blei slått på målstreken. 6.- og 7. klasse-jentene på Straumen tok sølv i ein svært jamn finale i Sysco Arena.

Av Mona Terjesen
– Det var veldig kjekt å vere med, og stort at me kom til finalen. Det blei til slutt 7-9, etter at Rossabø hadde leia med 4 mål i starten. Kampen blei med andre ord jamn etter kvart. Me skulle gjerne vunne, men er nøgde likevel, seier jentelaget frå Straumen, som tok sølv under turneringa 15. januar.
Slitne
Det var Norges Håndballforbund Region SørVest, i samarbeid med Haugesund Toppidrettsgymnas som inviterte alle barneskular på Haugalandet til den årlege skoleturneringa i handball, førre torsdag i Sysco Arena. Heile 30 lokale lag var med.
Semifinalen spelte Straumen-jentene mot Eide skule på Karmøy. Den enda 8-5.
– Det var nok mange som ikkje forventa at me skulle gjere det så godt. Fleire lag frå både Haugesund og Karmøy stilte med svært gode spelarar som me møter i serien. Me er ikkje så mange, og hadde berre ein innbytar med oss, mens dei større skulane stilte med 3-4. At finalen gjekk rett etter semifinalekampen vår, gjorde også at me blei veldig slitne. Men det var kjekt å få vist at dei tok feil av oss, seier sølvvinnarane blidt – då me møter dei for en prat på skulen dagen etter.

Les heile saka i papirutgåva