Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Tomta klar for ny butikk

Rivinga av Shell-stasjonen på Frakkagjerd gjekk heilt etter boka. Nå skal nybygget ut på anbod.

Uvanleg mange har følgt nøye med på rivinga av Shell-stasjonen på Frakkagjerd. Det var tydeleg at mange hadde sterke kjensler både for stasjonen og for gatekjøkkenet Minutten. Nå er dei revne, sortert og kjørt vekk. Alt etter planen.
– Me er svært godt nøgde med arbeidet som er gjort så langt. Det er strenge krav til sortering og bortkjøring av ei slik byggmasse, men det gjekk greitt og innan den tidsfristen me hadde sett for oss. Ein veit aldri heilt når ein byrjar å grave under ein bensinstasjon, men heldigvis var det ingen overraskingar. Dei få tinga som me ikkje fekk heilt til, har me rydda opp i. Nå er tomta planert og klar, seier regionsdirektør i Coop Sørvest, Trygve Vikse.

Me er svært godt nøgde med arbeide

To løp
Samstundes med rivinga har Coop jobba med detaljar i teikningane over det nye bygget. Dermed har det vore to løp å passe på.
– Det har vore travelt, men me har full kontroll og legg nå siste hand på papira og teikningane som skal ut på anbod. Me har heile tida jobba i ein dialog med kommunen og held oss til dei først annonserte planane. Det betyr butikk og gatekjøkken på plan ein, og helserelaterte lokale i andreetasje. Me reknar med å starte bygginga i mars og dermed vere klar for opning i god tid til julehandelen i 2015, seier Vikse.

Les heile saka i papiravisa.