«Mann 44» med Bård Tufte Johansen var ein innertiar. Full klaff i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
«Mann 44» med Bård Tufte Johansen var ein innertiar. Full klaff i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Latterleg moro med Tufte Johansen

Fullt hus, latter og moro. Bård Tufte Johansen og enmannshowet «Mann 44» var godt både for sjela og lattermusklane. Å få eit slikt show til Tysværtunet er verd kvar ei krone.

Sjølvsagt begynte Tufte Johansen med å fleipe litt over lokale annonser i lokalavisa. Då er ein godt i gang og det er ingen vits å sjå seg tilbake. I nærare halvannantime kom synsingar og artige historiar på rekkje og rad. Tett og kompakt, lite slinger og daudpunkt. Når ein i tillegg har gjort heimeleksa og får lagt inn litt slengmerknadar om nabobygdene, ja då er det full siger.
– Imponerande publikum og kulturhus i Tysvær. Det meiner eg ærleg talt. Det var eit grisevêr i dag så eg fekk ikkje kjørt rundt og kikka, men dette skal eg skryte av til andre i bransjen. Eg kom skikkeleg tett på og responsen var bra, seier Tufte Johansen etter forestillinga.
Og medan folk gjekk rundt og smilte og gjenfortalte historiar i foajeen, gjorde hovudpersonen seg klar til ei travel helg med tre førestillingar til. Både Bømlo og Stord står på kalenderen.

Meir om «Mann 44» i papirutgåva neste veke, kor ein sjølvsagt også finn lokale annonser.

Faktaboks

«Mann 44»
Bård Tufte Johansen

Skjermbilde 2015-01-30 kl. 20.50.35

Talkshow
Tysværtunet
Fullt hus
1 t.20 min.

Om livet små og store banalitetar.