Politiet kommer med oppfordring til folk på Haugalandet  Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Politiet har dessverre fått inn en ny melding om innbrudd i Tysvær.Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ny aksjon mot serveringsstadar

Natt til søndag aksjonerte politiet mot lokale serveringsstadar, med formål å avdekka arbeidslivskriminalitet og ulovleg opphald.

Aksjonen var planlagt og utført i samarbeid med Skatt Vest.
Serveringsstadane aksjonen retta seg mot er typisk gatekjøkken; serveringsstadar med matløyve, men utan alkoholløyve. I alt 12 slike serveringsstadar, fordelt på Sveio, Tysvær, Karmøy og Haugesund, fekk natt til søndag besøk av politiet.
Under aksjonen blei det berre avdekka ulovlege forhold ved ein av dei 12 serveringsstadane. Den aktuelle staden er meldt for å ha tilsett ulovleg arbeidskraft. Den tilsette er òg innsett i politiet sin varetekt for brot på
utlendingslova då det er slått tvil om vedkomande sin identitet og opphaldsrett.
– Dette er den andre aksjonen me har på kort tid og utfallet av aksjonen i helga kan tyda på at denne typen aksjonar hjelp, at fleire innehavarar skjerpar sine rutinar for lovleg drift, seier Edgar Mannes, politistasjonssjef ved Haugesund politistasjon.
Fleire stadar stengte
Under førre aksjon i slutten av november 2014 der i alt 11 serveringsstader blei kontrollert, vart resultatet av aksjonen at 1 person blei meldt for å ha bankkort han ikkje kunne gjera reie for; 2 personar meldt for ulovleg arbeid; 2 arbeidsgjevarar meldt for å ha personar i arbeid utan gyldig tillating; politiet oppdaga 3 personar utan lovleg opphald; 4 serveringsstadar vart gitt pålegg om å skaffa nødvendig serveringsbevilling; samt vart det avdekka avvik ved manglande listeføring over personell ved fleire stadar.
– Resultata av aksjonen i helga er klart positive sett i forhold til den første aksjonen, samtidig gir to slike aksjonar eit for dårleg empirisk grunnlag til å konkludera med ein faktisk nedgang, minnar Mannes.
Politiet møtte òg stengte dører fleire stadar, der einskilde serveringsstadar tilsynelatande valde å stengja dørene
før ordinær stengetid, etter at ryktet om politiet sin aksjon byrja å gå.
– Dette var òg tilfelle ved aksjonen i november 2014 og noko me tar med i den strategiske vurderinga på korleis politiet vel å gå fram under ein slik aksjon, seier Mannes.

Dette er ein pressemelding frå Politiet.