Ali Amir skåra tre mål mot Geir Espevik og Daniel Mikkelsen, då Skjold vann 4-2 over Falkeid. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ali Amir skåra tre mål mot Geir Espevik og Daniel Mikkelsen, då Skjold vann 4-2 over Falkeid. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fekk ein real knockout frå Ali

Ali Amir sto og såg på at Espen Sørenes og Falkeid yppa seg i Grinde og leia 2-1. Ungguten som kom inn i sin tredje a-kamp lirka inn tre kjappe og Skjold vann 4-2.

Det blei sjølvsagt unggutane sin store kveld i Grinde. Sjølv om Falkeid hadde fått med seg rutinerte spelarar som Sondre Voll, Geir Espevik og Olav Askeland handla 1. omgang stort sett om ein stadig jagande Espen Sørenes. På godt og vondt, bokstaveleg talt.
Først brente han straffen Falkeid fekk før kampstart. Så skåra han i det han krasja inn i Skjold-keeper Bernt Olav Nådland. Etter ein pustepause på sidelinja var han tilbake på banen og sette inn 2-0 til Falkeid. Fullt fortent før det var spelt 20 minuttar. Så vakna Aleksander Gundersen til. Ein flott skåring og eit vanvittig skott i tverrliggaren vekte heimelaget.
Men det var ein annan unggut som skulle avgjere det heile.
– Trenerane har sagt at eg er ein slik spelar som har min styrke i å dukke opp framføre mål. Og det var det rikeleg med plass til å gjere i 2. omgang. Dette var min tredje kamp som innbytar og det var stort å skåra det første målet. Så kom der to til på kjappen, gliste Ali Amir, som hadde tatt seg fri frå jobben på Spar for å vere klar til innsats i Vintercupen.
– Han er ein som ikkje gir seg sjølv om det ikkje alltid går hans veg. Sterkt å komme inn og skåre tre mål, skryt trenar Bjørn Arne Steinsland.
Mykje bra
For Falkeid må spesielt 1. omgang vere noko å ta med seg heim. Mykje solid jobbing og ein del skikkeleg solide målsjansar. Trenar Eivind Eidhammer var nøgd etter 90 minuttar.
– Eg synast at me gjer ein grei kamp. Spesielt i 1. omgang kor me absolutt er med. Etter kvart får dei mykje rom og avgjer kampen. Men dette var ein kamp kor alle ville vinne, og då blei det bra temperatur utpå der, smilte Eidhammer, som har ei fortid som Skjold-trenar.
Sterkt
Med kveldens siger har Skjold vunne begge sine kampar i vintercupen og har skåra 13 mål.
– Det er sterkt gjort av oss å skåre så mykje mål. Men eg meiner me jobbar godt og får betalt for det, konkluderar dagens mann i Grinde Ali Amir.
– Slike lokaloppgjer er viktige for lokalfotballen, det ser me på interressa, avsluttar Eivind Eidhammer.

I ein anna kamp i denne gruppa vann fredag SK Vats 3-2 over Etne. Dermed har SKjold og SK Vats to sigrar kvar.

Meir om det spanande lokaloppgjeret i papiravisa på torsdag.

Faktaboks

Skjold 4 (1)
Falkeid 2 (2)
Macron Vintercup
Grinde kunstgras
0-1 Espen Sørenes (7)
0-2 Espen Sørenes (17)
1-2 Aleksander Gundersen (29)
2-2 Ali Amir (54)
3-2 Ali Amir (65)
4-2 Ali Amir (76)
Dommar: Erlen Dalaker, Ferkingstad
Tilskodarar: 50