På den eine side eit påtrykk ovanfrå og ned, på den andre sida svært godt valkampstoff.
Regionalplanen trekker dei store linjene for kor me skal bygge og bu på Haugalandet. Det handlar om lokalisering av arbeidsplassar og utbygging av vegnett, om kollektivtransport og gang- og sykkelvegar.
Nå skal denne planen ut på høyring, og då får ein eit tydeleg svar på kva kvar enkelt kommune, og kvar enkelt politikar, meiner.
Men i skuggen av kommunesamanslåingsdebatten og regionalplanprosessen er det nå viktig at ein er open for nytenking. Skal ein tolke innhaldet i begge debattane kan våre forhåpentlegvis levedyktige bygder trenge all den hjelp dei kan få, frå engasjerte lokalpolitikarar.
For eit spørsmål skil seg ut, om ein les gjennom dei planane som nå blir lufta, og det er at bygdene blir glømt.
Glømt i den forstand at det skal sentraliserast og satsast der det bur mest folk. For Tysvær vil det seie dei fem kilometrane frå Haugesundgrensa til Aksdal.
Eg veit at fleire politikarar er blitt utfordra på levande bygder tidlegare, og det stoppar neppe nå. Korleis skal ein sikre vidareutvikling av desentraliserte strøk når det meste av fokus innan bustadutvikling, og transport skal snørast saman i ei smal stripe, for Tysvær sin del. Kva om ein ikkje har ein klar profil om kva som skal skje der fylket ikkje finn det spennande å satse i åra som kjem.
Ein ting er om me skal finne oss i det og berre sitte på gjerdet og sjå kva som skjer. Ein annan er om det nyttar å protestere. Men det finnest eit tredje alternativ. Denne veka kom to lokalpolitikarar med ei tenking me må ha meir av om me skal lukkast i Tysvær.
Ola S. Apeland og Arvid Bakken meiner at ein må sjå på kva ein kan gjere i distriktet, som ikkje kolliderer med den svære regionsplanen. Kan ein klare å skape prosjekt som er så unike at dei ikkje fell inn under regionsplanen. Kan ein skape tildømes bustadfelt som er så unike for landlege Tysvær, at ein får tommelen opp? Kan ein skape noko i Skjoldastraumen og Nedstrand? Det bør vere ei utfordring lokalpolitikarar kastar seg over nå.
For det er nye tonar at ein nå må starte med litt blankare ark, studere vår eigen kommuneplan og sjå etter smetthol. Tysvær er unikt, jobben er å få fylkespolitikarar og andre med postnummer på sørsida av Boknafjorden til å forstå det.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør