Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Lærte om trafikkfarar

Store bilar og gravmaskinar er på plassen heile døgnet mens arbeidet med Førrekrysset pågår. Sist veke fekk elevane på Førre skole lære korleis dei skal oppføre seg rundt dei store kjøretøya – for å unngå ulykker.

Av Mona Terjesen

Vassbakk & Stol som utfører jobben og Statens Vegvesen var gjester på skulen fredag formiddag førre veke. Det første elevane fekk beskjed om er kor viktig det er at dei bruker refleks.
– Elles er de veldig vanskelege å sjå. Og de er små i forhold til ein stor lastebil, påminna prosjektansvarleg frå vegvesenet Einar Færaas.

De er små i forhold til ein stor lastebil

Blindsoner
Det var Hans Petter Hjort som snakka til elevane for Vassbakk & Stol. Han kunne fortelje at 35 personar døyr årleg i lastebilulykker, og at det finst såkalla blindsoner der gåande og syklande er særleg utsett.
Elevane fekk sjå ein film som illustrerer kor vanskeleg det er for ein tungtransportsjåfør å sjå menneske som plutseleg dukkar opp framfor bilen deira. Det same gjeld bak bilen og på høgre side.
– Når me skal rygge så må me først utav bilen og sjå bak. Me ser ingenting av det som skjer rett bak bilen, forklarar ein kvinneleg sjåfør i filmen.
Filmen illustrerte også bremselengda til lastebilane. Kor mykje lengre den er for dei, samanlikna med ein personbil.

Les heile saka i papirutgåva.