– Det er heilt fantastisk. Satt nettopp og snakka med trenaren min og lurte på korleis dette kunne skje. For ei veke sidan kjempa eg meg over 1,98, nå spratt eg over 2,08. Det er heilt vilt, seier noregmeisteren, som for tida går på skule i Oslo.
Det har vore ei stormfull helg i midt-Noreg, men det gjorde ikkje noko for konsentrasjonen til Gelius Eikje. Då me snakka med han laurdag, snakka alle om ekstremvêret Ole. Eit døgn seinare snakkar alle om høgdehopparen Sindre.
I følgje H-avis.no er det også klubbrekord i HIL. Terje Haugland sin rekord frå 1964 (!) er knust.
Sindre Gelius Eikje gjekk over 2,08 og vann NM-gull
Sindre Gelius Eikje frå Førresfjorden og HIL er Noregsmeister i høgde. I Steinkjer gjekk han over 2,08, sette ny pers, klubbrekord og overraska alle, inklusiv seg sjølv.