Vel 30 frammøtte fekk møta ein kunnskapsrik Leif M. Bjørkelund og ein inspirert Bjørn M. Toft på Arquebus krigshistoriske museum. Foto Vidar Aarhus
Vel 30 frammøtte fekk møta ein kunnskapsrik Leif M. Bjørkelund og ein inspirert Bjørn M. Toft på Arquebus krigshistoriske museum. Foto: Vidar Aarhus

Vellukka kveld om krigsseglarane

Det var mange som ville ha med seg ein spanande kveld i Tysvær historielag sin regi.

Av Vidar Aarhus

Vel 30 frammøtte fekk møta ein kunnskapsrik Leif M. Bjørkelund og ein inspirert Bjørn M. Toft på Arquebus krigshistoriske museum i Førresfjorden måndag 9. februar.
Saman teikna dei det dramatiske biletet av innsatsen til ei gruppe menneske som aldri fekk den heder og rettferdig behandling dei hadde fortent; – nemleg krigsseglarane. Av ca. 33.000 norske sjøfolk som segla på norske og utenlandske handelsskip under krigen, miste nær 4000 livet. Dei som kom heim etter krigen – eller blei værande i utanlandske havnebyar – var merkte for livet. Dramatiske opplevingar bl. a. som mål for Nazi-Tysklands u-båt våpen, forlis og kamp for å overleva i overfylte livbåtar m.m., påførte dei skader dei sleit med resten av livet, og som dei ikkje orka å snakka til familie og venner om. Mistilpassing til famile- og arbeidsliv, alkoholproblem, søvnlause netter og mareritt, prega mange av dei heilt til det siste.
Bjørn Toft var også oppteken av at Nortraships hemmelege fond (som var deler av lønna til krigsseglarane) vart bruka til andre ting av styresmaktene enn lovnaden om etterbetaling når freden kom. Ei skam for nasjonen Noreg ! meinte han.
Leif M. Bjørkelund hadde mange opplysningar om Haugesundsskipet m/s «Anna Odland» som vart kalla « the lucky ship». Det segla under heile krigen med krigsmateriell, men vart også brukt til troppetransport. Over Indiske hav og søre Sillehavet til havner i Midt- Austen og Australia var seilingsrute i mange krigs-år, men også turar gjennom Panama-kanalen og så sørover langs Sør Amerika og rundt Kapp det gode håp. Den lengste turen varde i 66 døgn og blei gjort i 1942 ! M/s «Anna Odland» segla for det meste åleine, men også i konvoi, t.d. frå Halifax til New York.
Dei kom under angrep i Alexandria i Egypt og i Suex-kanalen. Leif M. Bjørkelund intervjua båtsmann Odin Ottesen då han var 95 år og då synte han ein granat-splint som souvenir frå bombinga som heldigvis ikkje gjorde skade på skipet.
M/s «Anna Odland» var bygd i Kiel i Tyskland. Dåpen var 10. august i 1939, og skipet blei overlevert til redar og mannskap 4.oktober same år. Skipet vart selt til Solstad Rederi A/S (Johannes Solstad) i 1964 og gjekk under namnet «Soldrott» til 1971 då skipet vart selt til greske eigarar. Vart opphoggen i Pakistan i 1979.