Lars Birger Baustad og Randi Rettedal toppar som venta Frp-lista i Tysvær.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lars Birger Baustad og Randi Rettedal toppar som venta Frp-lista i Tysvær.

Godt nytt for Frp

Framstegspartiet er kampklart, og på jakt etter fem-seks plassar i kommunestyret. Då er det godt nytt at duoen Rettedal/Baustad toppar lista.

Etter ein lang periode med listearbeid, løyste det meste seg ved årsskiftet, då Randi Rettedal sa ja, til å stå øvst på Frp-lista i Tysvær. Veteranen, som nå jobbar som rektor på Tveit vgs., er kampklar og meir enn motivert til å ta fatt på ein ny periode. Og målet er å halde posisjonen som partiet har i kommunen, og kanskje vekse litt til.
– Det er ingen grunn til at me ikkje skal kunne ha fem-seks representantar i kommunestyret etter valet i haust. Det er ei rekke med saker som nå skal opp, kor me er svært tydlege, og kor me veit at mange «der ute» støttar oss. Så når me drar i gong valkampen, skal me ha ein tydeleg og forståeleg politikk, ein politikk som veljarane forhåpentlegvis likar, smiler Rettedal.
Lista
Frp-lista er som for dei fleste av dei andre partia tredelt. Ein har den eller dei kumulerte på topp, og i Frp er det berre Rettedal.
– Me vil at veljarane skal bestemme kven dei ville stemme inn i kommunestyret, seier Lars Birger Baustad.
Så er det sett opp alfabetisk, noko som også er praktisk med tanke på B-en i Baustad.
– Ikkje dumt det, smiler han og forklarer at han var klar med ein gong då Rettedal sa ja. Topplassen såg han ikkje for seg, men å vere ein god nummer to er heilt perfekt.
Nedst på lista er det ein del støttespelarar, som har sagt ja til å vere med, men som ser for seg ein politisk læreperiode.

Les heile saka og sjå liste i papirutgåva.