Av Mona Terjesen
– Me stiller liste med ti engasjerte kandidatar til kommunevalet i år. Dette er første gong MDG stiller liste i Tysvær. Me vil gi tysværbuen ei muligheit til å gjere kommunen grønare, seier talsperson Heidi Westin Eikje.
Har trua
Då Tysvær Bygdeblad skreiv om lokalpartiet i september i fjor, var dei heilt i starten av etableringsfasen. Då hadde dei akkurat hatt stiftingsmøte på Lønnegarden i Lindanger. I tillegg til Westin Eikje blei Jostein Harboe (kasserar) og Ingvar Tysvær (sekretær) valt inn i styret.
– Eg er svært glad for at me klarte å starte eit lokallag her i Tysvær, det trengs. Eg er sikker på at det er mange som ønskjer ein meir miljøretta politikk og kjem til å sette pris på MDG, fastslo ho.
Westin Eikje var allereie då optimistisk når det kom til å klare å stille med liste allereie til årets val. Og det har dei altså klart.
– Lista består av menneske frå ulike stader i kommunen, med ulik yrkesbakgrunn og alder. Me er eit ungt parti og meiner at kandidatane våre kan komme med nye perspektiv og bidra til diversitet i kommunepolitikken. Tysvær har ein ung befolkning og me er stolte av at tre av våre fire toppkandidatar er under tretti år, seier ho.
– Korleis ser de på kommunevalet til hausten?
– Med bakgrunn i valresultatet i Tysvær ved Stortingsvalet i 2013 er me optimistiske med tanke på å få ein kandidat inn i kommunestyret. Det blir spennande å sjå kor mange som er klare for eit nytt, grønt alternativ.
Miljøpartiet De Grønne har eit mål om å stille liste i 300 kommunar ved det kommande kommunevalet. Så langt er det lokallag i 225 kommunar landet over. Me gleder oss over å få vere ein del av den grønne bølja, fortel Heidi Westin Eikje.
Les heile saka og sjå lista i papirutgåva.