Margaret og Arvid Bakken ønskjer ei løysning på framandspråk 2-problemet i ungdomsskulen no. 
Foto: Mona Terjesen
Sommer, sol, folkeliv og slusing... Foto: Mona Terjesen

Nonstop Tysvær – USA

Ni tysværungdomar reiser til VM i St. Louis i april i år, World Festival First Lego League. Det er ein erfaren gjeng som er meritterte både nasjonalt og internasjonalt.

Av Håvard Førland
Leik er førebuing til vaksenliv, til arbeidslivet og alle dei utfordringane som ventar lenger framme.
Ein måte å bli god på er å konkurrere, finne passe utfordingar og jobbe bevisst mot eit mål. First Lego League har som uttalt mål å bidra til å auke interessa for realfag og teknologi ved å utfordre deltakarane gjennom reelle problemstillingar med ein arbeidsmetode som har det verkelege arbeidslivet som mal.
Vi snakkar om ein læringsmetode organisert som ein kunnskapskonkurranse for barn og unge i alderen 10-16 år.
Den er blitt arrangert sidan 2000, i eit samarbeid mellom organisasjonen FIRST LEGO Company og Statoil sitt talentutviklingsprogram «Morgendagens Helter».
Massemønstring
I 2014 deltok 865 lag i dei skandinaviske finalane. På verdsbasis deltok over 265 000 barn frå 80 land i 2014, og det er forventa at over 290 000 barn og unge skal delta i 2015, vi snakkar med andre ord om massemønstring.
Hensikta med arrangementet er som nemnt å auke interessa for teknologi og vitskap og stimulere dagens ungdom til å bli morgondagens ingeniørar og forskarar.
Kjerneverdiane i konseptet er å jobbe løysingsorientert saman som eit lag med støtte frå vaksne. Det å lære, oppleve og erfare er viktigare enn det å vinne. Deltakarane deler erfaringar med andre, skal vere gode konkurrentar og opptre vennleg og profesjonelt i arbeidet. Det er viktig å ha det gøy!

Les heile saka i papirutgåva.