Sven Ivar Dybdal (45) er ny toppkandidat. Med seg som nummer to på lista får han Åse Berit Rolland. Deretter følgjer Per Johan Lyse, Marit Hølland Gjedrem og Anders Sandvik.
– Me enda opp med ei stort generasjonsskifte, kor me med god hjelp frå dei som nå gir seg, har komponert ei spennande og offensiv liste for Senterpartiet i Tysvær. På ein måte var det naturleg at ein del av veteranane nå takka for seg, men må håper og trur dei stiller opp når me treng dei. Sjølv om ein del av oss etterkvart har fått oss litt lokalpolitisk ballast, så er det ei relativt urutinert liste, me legg fram. Men, det er ei god liste å toppe, smiler Dybdal.
– Der har me ein jobb å gjere. Det nytter ikkje å sitte og klage på at andre slepp til i avisa, eller på talarstolen, om ein sjølv ikkje er villig til å gjere det same. Mitt mål er å få fram SP-politikken tydlegare og betre i denne perioden. Me veit at mange i testar ofte ender opp med at dei burde stemme SP. Det er vår jobb å få dei til å gjere det, seier toppkandidaten.
Les heile saka og sjå lista i papirutgåva.