Det er nå 50 år sidan musikalfilmen smelta ei heil verd. Me fall for klosternovisen Maria og for familien von Trapp. Nå blir det feiring av filmen på scenen over store deler av landet. Det inkluderer også Tysværtunet.
Og kven passar betre til å vere Maria enn Maria?
– Det er ein fantastisk mulegheit me har til å synge oss gjennom alle dei flotte songane i «The Sound of Music». Eg og Bjørn Skagestad hadde 120 framsyningar i Oslo, før me tok framsyninga med oss til Kristiansand. Der og var det også fullt hus og stor gjensynsglede. Dette er songane svært mange kjenner igjen, og det var nok fleire i salen som song med når me framførte «Edelweis», «Do-Re-Mi», «My Favorite Things» og tittelsongen «The Sound of Music», seier Maria Arredondo.
Saman med Skagestad og Torstein Sødal skal ho vere på scena med omlag 30 personar.
Gleder oss
Saman med sambuar Sødal er den populære songaren på ein liten vestlandstur. Frå 11. april er det alvor.
– Me synest det er greitt å ha oss ein tur i forkant. Torstein og faren sit framme i bilen, og eg sit bak og slappar av. Så treff me mange spennande menneske, som me håper å treffe igjen når me kjem på turné. Dette er ein turné me gleder oss stort til, og som garantert vil vere ei feelgood oppleving for dei som kjem. Me har med oss både nonnekor og barna i familien von Trapp, smiler dei to sørlendingane.
Les heile saka i papirutgåva.