Eg vil vel fortsatt tru at etter over 25 år i bransjen, har eg litt peiling på dette.
Mitt utgangspunkt for å skrive om dette er å få fokus på dette viktige og framtidsretta emne. På møte i kommuneplannemda i Tysvær 14.10. 2014, gjorde me eit samrøystes vedtak i fem punkt om denne omlegginga.
– Me var einige om at rute 9 (6), fortsatt må gå om Frakkagjerd, men kutte i stopp i Førre Terasse,
Kortare og raskare trase fra Amanda til Sentrum. Beholde x9 rute.
• forslag om redusete priser også for Aksdal sone
• ny rute gjennom T forb, foreslo dette som et pilotprosjekt med nye friske midler.
• skolerute gjennom T forb til Kopervik og Åkra viderg
• samordne ruter mellom buss/båt på ulike dager, også onsdag før påske.
Som sagt var dette einstemmig og det var stor enighet om dette. Defor er det utruleg at etter å ha vore på møte i Fylkestinget, så er ikkje dette ikkje aktuelt og ikkje til å stemme for. For meg er det lett å forstå at når innvalgte frå vår kommune ikkje støtter dette, kan me ikkje rekne med andre tar dette opp. Eg må jo berre beklage at mitt parti var med på dette. Som tidlegare sagt, blir ikkje galen veg rett sjølv om fleire går på den. På vårt Fylkesårsmøte tok eg dette opp, men saken er jo avgjort. Etter som eg fekk med meg var det forslag om å la rute gå om Frakkagjerd, så nokon av politikerane har sett behovet. F.eks Ap, Sp, Sv og V. For oss som politikere i Tysvær veit me svært godt kva som bl.a står ang nye boligområder. Det er krav om nærhet til kollektivakse, kva nå med Skeiseid utbygging som er under planlegging? Blir dette vedtaket brukt mot Tysvær kommune i neste omgang? Samme argumentasjon gjelder for Spanne/Kolnes området.
Eit anna poeng med Rute 9 er skoleelever på Skre som har denne som skolebuss, morgen og ettermiddag og elever fra Gardhaug har brukt denne om morgonen pga. Fulle busser. Men dette kjem vel ikkje for ein dag før skulen tar til i haust. Skal me få ungdommer til å bli bevisste brukerar av buss, må dei få tilbud som er til nytte for skuledagen deira.
Når det gjelder forslag om bussrute til vidergående på Karmøy, er det ut i frå dagens tilbud og mange henvendelser fra foreldre om dette. Slik det er i dag er det to valg, anten stå opp ørtidleg og ta buss fra Aksdal 06.15, eller fra Aksdal 07.20 og bussbytte som tidsmessig er ein utfordring og ankommst til skulen er stort sett etter skolestart. Retur er det samme opplegg og for dei som reiser 06.30, blir det lang dag. Når dette behovet skal vurderes opp mot Samferdselssjefens argumenter anført i saken, forteller dette meg enda ein gong kor viktig det er at uttale fra lokal politikarar og kommunar blir framført i desse møter med Fylkesadm. Lurer på kvifor Kystbussen og buss 4 You bruker T forb, har dei ikkje tenkt på passasjergrunnlaget, eller har dei sett et behov?
Når det gjelder omlegging av bybuss ruter, skal eg nøye meg med eit par viktige punkt, kvifor ikkje gjennomgåande ruter fra Bleikemyr til Oasen/Vormedal? Det nytter vel lite å fjerne ruter før det er evaluert dagens tilbud. Kva med tilbudet i Salhusvegen som går forbi Karmsund viderg. som også skal reduseres. Og så litt fra erfaringens bussverden å legge opp til bussbytte på rutene er alt annet enn kundevennlig, det er ein grei måte å miste kunder på. Kven vil stå i ver og vind i et busskur ved Amanda og vente neste buss. Rute 09 har vore ei gjennomgåande rute, nå blir den ikkje det lenger.
Påstander om kven som har sett seg inn i saken, blir vel svært så synlege når eg blir tillagt å ikkje ha lest kva som stod der, likeså tillitsvalgte sin rolle. Eg er ein av fleire tillitsvalgte i Ytf (yrkestrafikkforbundet) i Haugesund, som har sendt vår uttale til saksbehandler i fylket om denne saken. Vår uttale tar eg som ein selvfølge er lest av Fylkespolitikerane. Ingen av dei foreslåtte endringane har fått vår anbefaling, me har etterlyst evaluering og foreslått et møte mellom Kolumbus, Tide og tillitsvalgte, nettopp for å utveksle erfaringer og komme med innspel, ikkje minst med tanke på at mange av oss sjåfører, har erfaringer med ruter som var bedre før anbudet starta i 2006. Samtidig har me bedt om vurdering av bilettpriser. Sjølvsagt er eg einig i avsnittet om fagkunnskap på alle felt, dette har eg erfart sjølv, men når uttale fra kommuner og innspel fra bl.a. Ytf, blir oversett og ikkje er tatt omsyn til i saksvurderingen må nokon seie fra.
Det er et spørsmål eg ikkje får svar på i denne saken, kvifor skal det trekkes inn 1,5 mill av summen som pr i dag går til ruter? Dette er fyrste gong eg har høyrt omå redusere tilskott til rutekjøring for å finansiere billigare bilettar. Eg har snakka med politikarar som ikkje har fått dette med seg når dei har lest saken. Det er greit med meir opplysning og, men dette skal ikkje betales med mindre rutekjøring. Dette hadde aldri vore aktuelt i Sør Fylket. Når politikere godtar og stemmer for dette, er det unødvendig å stille opp med budskap om meir og bedre busstilbud foran kvart valg. Så eit lite spørsmål, dette skal ikkje føra til auka/endra budsjett for Kolumbus, kvifor skal då dette bli detaljert sak i Fylkestinget, har ikkje kolumbus råderett over eget budsjett, eller kanskje denne saken ikkje kom fra fagfolk i Kolumbus i utgangspunktet.
Til slutt kunne det vore intressant og sett på korleis dette med kollektiv tilbudet blir styrt i fylket.
Rogaland Fylkeskommune oppretta i si tid Kolumbus, dei hadde et styre som skulle ha ansvar med foretaket. I november 2014, vart Kolumbus a/s med profesjonelt styre (ikkje politisk som før). I budsjett for fylket blir Kolumbus tildelt ein sum, Kolumbus sit på fagkunnskapen i dette. Korleis kan dei drive dette når samferdselkontoret, politikerar og samferdselstyret bruker tid på kva gate eller veg bussen skal gå i uten å endre budsjettet? Og kva rolle har styret i det nye Kolumbus a/s?
Svein Terje Brekke
Sjåfør med håp om fleire
passasjerer