Jonas Staurland hadde bursdag i går og får kanskje speletid i gåve i kveld når Skjold møter Ferkingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Jonas Staurland hadde bursdag i går og får kanskje speletid i gåve i kveld når Skjold møter Ferkingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Skikkeleg fotballkveld

Etter ein litt stille periode skjed et endeleg noko spanande på kunstgrasa i kveld. Skjold skal kjempe om semifinaleplass i vintercupen, Nedstrand skal gjere comeback og Stegaberg skal til Stord.

Skjold møter Ferkingstad i Grinde i kveld (20.00) og vil me siger vere klar for semifinale i sin eigen Macron Vintercup.
På den nye kunstgrasbanen i Nedstrand blir det heilt spesielt når a-laget gjer comeback i kveld. På andre sida står Stegaberg 2, som etter tapet mot Haugaland neppe gir vertane noko gratis i comebacket. Kampstart i Hinderåvåg er klokka 19.00. Tysvær Bygdeblad tar turen og ser korleis det står til i comebacksesongen.
Stegaberg sitt a-lag tar turen til Stord og møter Trott på Prestagardskogen. Thormod Ness slit alvoirleg med å få tak i nok folk denne sesngen og det blir spanande å sjå tropp han klarar å samle i kveld. Den kampen startar etter planen 19.30.

Oppdatering på våre nettsider i kveld ca 22.00

Falkeid er ikkje oppført med kamp i kveld, men møter Kolnes den 21. mars.