Tysvær Brannvesen var raskt på plass og hindra at varmeutviklinga gjorde større skade. Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Tysvær Brannvesen var raskt på plass Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg

To blei sjekka etter røykutvikling i barnehage

To personar blei tatt hand om av helsepersonell etter at det tok fyr ein koplingsboks i Frakkagjerd Barnehage. – Det er ikkje snakk om brann i sjølve bygget, melder Tysvær Brannvesen. – Dei to er sjekka og det er ingen fysisk skade på dei to, melder politiet

Det var like før klokka 10.00 at brannvesenet fekk melding om at det var mykje røyk i den «gamle» barnehagen på Frakkgjerd. Mannskap rykka ut og fekk raskt kontroll på situasjonen.
– Alle kom seg ut og me fekk slukka det som lagde røyk. Eit barn og ein vaksen fekk i seg så pass mykje røyk, at helsepersonell tok seg av dei.Alle nødetatane er på plass, i tillegg til at me sendte heim brannmannskap frå Haugesund, som var på veg innover, seier brannmannskap på staden.
– Kva var det som laga røyken?
– Slik me vurderar det var det ein elektrisk varmeutvikling i ein boks. Det gjorde at det blei svært varm og dermed ein del røyk.

Frakkagjerd barnehage ligg like nord for Sysco Arena og er den eldste på Frakkagjerd.