På tide å bry seg

Dei neste åra kan me få eit nytt Tysvær, eit Tysvær kor me kanskje ikkje får bestemme kva me vil, i same grad som før.

Det er press og truslar som heng over oss frå alle kantar. Kommunesamanslåingar, regulering- og transportplanar og investeringar både lokalt og regionalt. Alt vil få mykje å seie for kvar enkelt av oss.
– Kva tenkjer du om kommunesamanslåing? Då me hadde ei spørjeundersøking om dette, svara over halvparten at dei vil ha det slik som i dag. Slett ikkje overraskande at folk vil ha det slik som nå. Trygt og godt, midt i sentrum av Haugalandet. Kvifor øydelegge eller utfordre det som er trygt og som fungerer?
Det ser ut til at tysværbuen har klokkartru på dei som styrer, for det har vore uvanleg stille om ei kommunesamanslåing. Ingen fakkeltog eller lesarinnlegg, ingen politiske utbrott om farar og ulemper. Heller ingen frå regjeringspartia har tatt til ordet og støtta det regjeringa så gjerne vil få til.
Det må vere lov å undrast over kvifor?
Tysdag skal formannskapet i Tysvær gjere eit val om korleis dei skal gå politisk vidare i prosessen med ny kommunestruktur. Kanskje startar debatten då.
Ei anna sak som har fått leve i stilla er planane om firefelts motorveg gjennom Tysvær. Er dette så ønskja at me lar dei få ture fram slik dei vil, og heller tar diskusjonen etterpå, når vegen er bygd og inngrepa gjort? Dette er eit prosjekt så gigantisk og arealkrevjande at folk burde hoppe i stolane.
Ei anna sak som virke å få segle fram som den vil er den politiske prosessen, som har så vidt starta, der målet er å lage ein ny stor ungdomsskule i Aksdal. Skule har alltid skapt engasjement i vår kommune, men nå virke det som om krutet er brent opp. Kanskje sparer ein det til barneskulane blir utsett for nedleggingstrusselen?
For oss som følgjer Tysvær og livet her tett på, er det svært overraskande kor lite engasjement det har vore i dei nemnte sakene. Eg fekk eit signal om kva det kan vere då eg snakka med ein lokalpolitikar sist veke. Han forklarte manglande engasjement med at han og det politiske Tysvær ikkje har informert nok.
– Det er vanskeleg å engasjere seg i noko ein ikkje heilt veit kva er, sa han og har eit godt poeng.
Enten får me godta det som skjer, eller så må me på banen folkens. Og treng me meir informasjon, ja så får me begynne å spørje ut dei som styrer her i kommunen.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør