Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.

Stor dag for mange

Rødt band, kake og god stemning. Tildelingskontoret i rådhuset er så viktig, for så mange, at det fortente ein opningsfest.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Å trenge hjelp til helse- og omsorgstenester kan vere utfordrande. Tidlegare blei sendt ein frå kontor til kontor. Det skapte frustrasjon, både hos brukarane, og hos dei som skulle vere til hjelp. Nå er det heile samla i nye lokale, og på ein plass.
– Sjølv om dette berre er til me flytter inn i Tysværtunet til hausten, så vil eg seie at me har fått ei helt ny verd her, etter at me nå har fått samla heile tenestetilbodet på ein plass. Me vil kunne gi eit raskarane og betre tilbod innan helse- og omsorgsteneste me som kommunen gir til innbyggarane. Det er lett å bruke flotte og store fagutrykk under ei slik opning, men eg må få seie at me nå har klart å samle tenestene, slik at me kan gi eit godt heilskapleg, fleksibelt og forutsigbart tilbod, seier Dan Jørgen Eide, som er leiar ved tildelingskontoret.

Les heile saka i papirutgåva.