Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Stor suksess med kunstkaker

Over 100 personar tok turen til Førre ungdomshus, då Mona Kaland frå Kunstkakekjellaren inviterte til kakeprøvesmaking.

Av Mona Terjesen
– Utruleg kjekt at så mange tok turen. Eg fekk gode tilbakemeldingar på kakene mine og mange bestilte, så dette var meir enn forventa, fortel bedriftsinnehavaren fornøgd – då smakinga er over.
20 sortar
Det er ikkje alltid så lett å tenke seg til korleis ei kake vil smake, berre basert på kva som er i ho. Høyrer me berre på andre sine erfaringar, så kan det også bli feil. Naturleg nok liker ikkje alle det same. Så derfor tenkte Mona, som driv Kunstkakekjellaren i Førre, at ho heller skulle la folk få smake på ei rekke ulike kaker, for å finne ut kva dei liker.
– Eg har laga 20 forskjellige sortar, så det skal vere noko for ein kvar smak her, seier Mona blidt, idet me kjem innom ungdomshuset torsdag formiddag.
Arrangementet har ikkje vart i meir enn eit par timar, og allereie er det ein haug med folk i lokalet.

Les heile saka i papirutgåva.