Geir Ivesdal gjer det meste som skal til for at folk skal finne det dei leiter etter i disken til Tysværtunet Kafé og Catering. Han får god hjelp av mange ungdommar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Geir Ivesdal gjer det meste som skal til for at folk skal finne det dei leiter etter i disken til Tysværtunet Kafé og Catering. Han får god hjelp av mange ungdommar.

Har utvikla seg, bit for bit

Geir Ivesdal har travle dagar på kjøkkenet. Å servere mat i Tysværtunet er meir enn å selje popkorn til kinogjester.

Tysværtunet Kafé og Catering starta som ein filial av vegkroa i Aksdal, like før årtusenskiftet. I 2001 overtok Ivesdal drifta og har gjennom dei siste 14 åra bygd opp, både eit livsverk, og også ein arbeidsplass for mange unge tysværbuar.
– Me har utvikla oss i takt med utviklinga av aktiviteten på Tysværtunet. Det skjer noko her heile tida, og me har gjort grep, slik at me i dag har fleire bein å stå på. Me kan tilby kiosk knytt til badinga, idrettshallen og kinoen. I tillegg har me fast utkjøring av middagar, og ein eigen cateringavdeling, seier Ivesdal.
Hektisk
Alt dette gjer at drifta er mykje meir enn det ein ser i disken. På kjøkkenet står det steik på langtidsteiking. Fleire pizzabotnar er gjort klare til steiking, til ikkje mindre enn fire bursdagsselskap, som skal arrangerast same kveld.

Det er hektisk og difor er det så viktig at eg har mange flinke ungdommar som jobber her

– Det er hektisk og difor er det så viktig at eg har mange flinke ungdommar som jobber her. Dei har ei bratt læringskurve, og eg må få seie at eg er imponert over kor fort dei tar det. Kassen er ein ting, men dette med å vere høflege, reine og gjere klar mat på ein appetittleg måte, tar dei raskt, seier kjøkkensjefen med eit stort smil.
– Kven er desse ungdommane?
– Dei fleste som jobber her har komm hit gjennom kjennskap og venskap. Dei må vere 16 år, ha med seg ein skriftleg søknad og fakta om seg sjølve. Det er sjølvsagt svært avgrensa kor lang CV ein har når ein er 16 år, men eg får som oftast danna meg eit bilete av dei. Vanlegvis blir dei her i tre-fire år, til dei skal vidare på skule. Eit viktig poeng å fram er at det alltid vil vere nokon over 18 år på jobb. Dette har fungert veldig bra og mange tysværbuar har fått opplæring i matlaging her hos oss.
– Betyr det at ein ikkje må vere «meisterkokk» for å kunne jobbe her?
– Er det den rette personen, med den rette innstillinga så gjer det ikkje noko om han aldri har steikt eit egg heime. Me ser at ungdom som får ansvar veks svært raskt med oppgåvene.

Les heile saka i papirutgåva