Haugaland lokallag hadde nyleg årsmøte, og ny leiar er Marie Helene Kvilhaug-Frazier frå Karmøy. Ho tar over etter Øystein Østensjø, som har vore leiar i mange år og ba om avløysing.
Nestleiar er Tone Pedersen Hammersvik, Haugesund, kasserar Nilse Elisabeth Brandal, Tysvær, sekretær Kristine Sele, Bømlo.
Vilde Lysgaard, Linda Bringedal og Øystein Østensjø er varamedlemmer til styret.
Det nye styret er no i ferd med å kursa seg, for å bli stand til å gjera ein innsats for sine nær 400 medlemmer.
Stoffskifteforbundet skal ta vare på interessene til personar med sjukdommar i skjoldbrukskjertelen (tyroidea), og driva opplysande og rådgjevande virksomhet.
Nytt namn og nye folk
Stoffskifteforbundet er det nye namnet på Norsk Thyreoidforbund.