Aleksander Gundersen og Skjold møter Haugar i bronsefinalen etter å ha tapt 2-1 for Bremnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Aleksander Gundersen og Skjold møter Haugar i bronsefinalen etter å ha tapt 2-1 for Bremnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold fekk ikkje nok mål

Det blir Bremnes mot Djerv 1919 i finalen i Vintercupen. Skjold hadde meir enn nok sjansar, men fekk berre eit mål mot Bremnes som vann 2-1. Aleksander Gundersen sin skåring var det klasse over og Skjold imponerte.

Likevel måtte dei gulkledde bittert konstatere at Bremnes også i år kom seg til finalen. Gjestane tok leiinga ved Even Munkvold før det var gått eit kvarter. Det kom ut av ingenting etter ein god Skjold-start på kampen. Så etter 22 minuttar valna Aleksander Gundersen til liv. Frå 35 meter drog han til og ballen suste i mål.
– Eg er godt nøgd med den skåringa. Såg at det blei opent og ingen kom i mot. Fekk kjempetreff og ballen suste i mål. Men det hjelper ikkje. Dritt kjedeleg å tape denne kampen, for me hadde sjansar nok, sa frakkagjerdsbuen, som sjølv brente ein stor frisparkmulegheit, men også såg Hilberg Nemeth sette ballen midt i stolpen.
Då kunne Skjold tatt leiinga. I staden blei det gjestane, som fekk det siste målet. Eit praktfullt angrep sendte dei til finalen, kor dei møter Djerv 1919, som slo Haugar 5-1 i den andre semifinalen.
– Me tapte ein kamp kor me så absolutt var med. Med ein gong det er slutt er det bittert, for me hadde sjansar og spel nok til å avgjere. Eg var spent på kor gode me er, for me har vore usikre på motstanden så langt. I dag viste gutane delvis at me er å rekne med. Nå blir det ein tøff bronsefinale mot Haugar neste helg. Då begynner det å nærme seg alvor, sa trenar Bjørn Arne Steinsland.
Bremnes var eit godt og løpsvillig lag. André Fylkesnes avgjorde kampen i det 77. minutt.
Best på Skjold var Jonas Staurland, Godtfred Lindeman og Aleksander Gundersen.

Meir om kampen i papirutgåva neste veke.

Faktaboks

Skjold 1 (1)
Bremnes 2 (1)
Semifinale, vintercup
Grinde kunstgras
0-1 Even Munkvold (13)
1-1 Aleksander Gundersen (22)
1-2 André Fylkesnes (77)
Dommar: Aleksander Vemundsen