Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».
Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

Vil først sjå på seg sjølv

AP fekk med seg fleirtalet i formannskapet på å utreie samanslåingar med Bokn, Sveio, Vindafjord og Etne. Tysdag vann Høgre, Frp, Krf og Venstre fram med fellesforslag om først berre utreie Tysvær aleine, og Tysvær saman med Bokn.

Av Mona Terjesen
Saka om vidare arbeid med kommunereforma på Haugalandet, låg på kommunestyret sitt bord tysdag kveld. Då skulle eit endeleg vedtak om vegen vidare fattast. Som nemnt gjekk politikarane i formannskapet førre veke imot å utreie ei storsamanslåing – etter forslag frå AP.
«Tysvær kommune ønskjer ikkje å delta i utarbeidinga av ein muligheitsstudie for ein storkommune på Haugalandet», stod det i vedtaket. Dei tre samanslåingsalternativa ein gjekk for i formannskapet er desse:
– Alternativ 1: Samanslåingsløysning med Bokn
– Alternativ 2: Samanslåingsløysning med Bokn, Vindafjord og Etne
– Alternativ 3: Samanslåingsløysning med Bokn og Sveio
Vinnarforslaget
Dette forslaget fekk altså ikkje gjennomslag i kommunestyret. I staden la Høgre, Frp, Krf og Venstre fram eit fellesforslag som mellom anna seier dette:
«Tysvær kommune ønskjer å vere aktiv deltakar i utforminga av regionen, og i utreiinga av framtidig kommunestruktur på Haugalandet. Kommunen vil legge til rette for ein open og demokratisk prosess, der lokale og regionale behov skal vere avgjerande».
Deretter kjem eit punkt som poengterer at dei i første omgang vil sjå på eigen kommune, og Bokn.
«Det er tenleg at ein bruker tilstrekkelig tid på prosessen før ein tar stilling til utreiing av større endringar, derfor vil me først avklare 0- alternativet, samt vurdere Tysvær og Bokn som éin kommune – med interkommunale løysningar, før me går vidare med andre løysningar. Det tas sikte på at det kan leggast fram ei sak i juni 2015, der me tar stilling til vidare arbeid med kommunereforma i Tysvær».
Fredag la stortinget fram ei ny melding som kartlegg nye oppgåver til større kommunar. I fellesforslaget som vann fram på tysdag, ber politikarane rådmannen om å «utreie ei løysning der Tysvær blir vidareført som eigen kommune, og i tillegg vurdere muligheitene i ei endra organisering med overføring av fleire oppgåver til kommunane».
Fleirtalsforslaget fekk 19 mot 10 stemmer.