Det var like før påske at ordføraren skulle til Stavanger for ein rutinesjekk. Då fann dei ein del dårlege blodårer, som dei ville blokke ut. Då starta eit døgn ordføraren slett ikkje såg føre seg.
– Nei, dette var voldsomt. Dei blokka ut fem årer og kjørte meg ned på avdelingen. Der fekk eg svært sterke brystsmerter og hamna rett på operasjonsbordet. Eg hadde fått eit lite hjarteinfarkt, delvis på grunn av ein feil som var gjort tidlegare på dagen. Det kjentes dramatisk ut, men dei hadde full kontroll og nå er eg på beina att. Men det som var ein kort tur til Stavanger, enda opp med ei snau veke på sjukehus, seier Harald Stakkestad.
Heime i Hervik må han nå ta det med ro og har overlatt ordførarvervet til varaordførar Kristien Aurdal.
– Ho var innom ein tur på laurdag og me har snakka om det som skjer dei neste vekene. Eg skulle vore ein tur i Oslo på ordførarsamling, og det er eit viktig vegmøte angånade Bokn og E39. Varaordføraren tar seg av det som skjer, medan eg samlar krefter til å komme tilbake på jobb, seier ordføraren.
Godt mot
På telefonen høyres ordføraren ut til å vere med godt mot.
– Eg kan ikkje anna enn å følgje dei råda eg nå har fått. Skal ikkje løfte tungt og ta det med ro. Men er ved godt mot, og sjølv om påsken ikkje blei slik me tenkte, så er eg trygg på at legane har full kontroll. Akkurat nå, her eg sit, så har eg det bra, helsar Harald Stakkestad.
Ordføraren sjukemeldt i 14 dagar
Påsken blei slett ikkje slik ordførar Harald Stakkestad hadde tenkt seg. Ein rutinekontroll av hjarta, viste seg å ende med både operasjon og eit lite infarkt. Nå er det sjukemelding og streng beskjed om å ta det med ro.