Banens beste spelar, Elias Kerchaoui, opna skåringsballet etter berre tre minuttar. Før pause hadde Skjold skåra fem mål.
Banens beste spelar, Elias Kerchaoui, opna skåringsballet etter berre tre minuttar. Før pause hadde Skjold skåra fem mål. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Overkjørte Skudenes i generalprøven

Skjold vann 7-0 og hadde meir enn full kontroll over eit svakt Karmøy-lag i kvelds kamp i Grinde. Nå venter Torvastad i seriepremieren, same stad, fredag.

Banens beste spelar, Elias Kerchaoui, opna skåringsballet etter berre tre minuttar. Før pause hadde Skjold skåra fem mål.
Ein av målskårarane var Sindre Herland. Etter 39 minutt skåra han sitt aller første a-lagsmål.
– Det var sjølvsagt litt spesielt å skåre mitt aller første mål på a-laget, men dette var ein kamp som passa meg. Dei mangla tempo, noko som ga store rom for meg og Jonas (Staurland) på venstrekanten. Eg fekk før kampen beskjed om å sette fart og å gå på. Det gjorde eg og det gjorde at eg kom i posisjon til å skåre, gliser Herland.
Hilberg Nemeth skåra to mål, og spesielt dei eine var det klasse over.
– Eg trudde dei var mykje betre enn dette, og er einig i at me fekk mykje plass. Etter 5-0 blei det nesten litt for lett og me klarte ikkje halde tempoet heilt oppe. Eg trur det blir tøffare motstand på fredag, men me skal ta med oss det gode spelet inn i serien, sa Nemeth.
Usikker
Trenar Bjørn Arne Steinsland smilte, men var samstundes usikker etter 7-0-sigeren.
– Eg trudde me skulle få eit svar på kor me sto i denne kampen, men dei var ikkje heilt der eg trudde. Me får ta med oss at me klarte å halde fart på ballen, skåre mange mål og ikkje minst, få fleire spelarar med. Elias har vore skada halvannan månad og manglar ein del grunnlag, men viste kor god han kan vere i dag. Christian Askeland kom inn og spelte midtstoppar og hadde full kontroll. Me får nyte sigeren i kveld, så blir det fullt fokus på Torvastad resten av veka. det blir noko heilt anna, seier Skjold-trenaren.

Torsdag er det fotballekstra i papirutgåva av Bygdebladet.

Faktaboks

Skjold 7 (5)
Skudenes 0 (0)
Treningskamp
Grinde kunstgras
1-0 Elias Kerchaoui (3)
2-0 Hilberg Nemeth (17)
3-0 Hilberg Nemeth (25)
4-0 Sindre Herland (39)
5-0 Elias Kerchaoui (43)
6-0 Aleksander Gundersen (70)
7-0 Vegard Steinsland (84)
Dommar: Alexander Vemundsen
Tilskodarar: 30