Ole Sandvik takka avtroppande styreleiar Gro Rossehaug for innsatsen i Tysvær Bygdeblad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ole Sandvik takka avtroppande styreleiar Gro Rossehaug for innsatsen i Tysvær Bygdeblad. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ny styreleiar i Tysvær Bygdeblad

Ole Sandvik tar over som ny styreleiar i Tysvær Bygdeblad, etter Gro Rossehaug. Det blei klart etter kveldens generalforsamling i lokalavisa.

– Eg ser fram til jobben som leiar i ei avis som går godt, som har sunn økonomisk drift og stor støtte hos tysværbuen, sa Sandvik.
Avisa som i januar fekk næringslivsprisen i Tysvær, hadde eit driftsoverskott på i underkant av 40.000 i fjor. Aktiviteten i verksemda har vore stor det siste året, og det er for tida seks tilsette.
– Det er kjekt å sjå at avisa leverer solide tal også i år kor ein har gjort viktige investeringar og kor pressestøtta er kutta kraftig. Det at ein har ein solid økonomi gjer at me mellom anna kan bruke tida på å sjå korleis me kan utvikle avisa for framtida. Eg personleg er opptatt av å få me dei yngste lesarane, som er den nye generasjonen nyhendekonsumentar, seier styreleiaren.
Styret 2015-2016
Tysvær Bygdeblad AS har valt følgjande styre: Ole Sandvik (leiar), Torleif Susort (nestleiar), Janne Irene Eide (styremedlem), Leif Petter Mortveit (styremedlem), Kjetil Alvheim (styremedlem), Marianne Losnegård (vara), Lillian Vikra (vara) og Hartvig Waage (vara).