Eit sikkert vårteikn

Denne veka ruller seriefotballen for fullt, også i Tysvær. Barn og unge er i gang med kampar og cup for lengst, og nå følgjer seniorane på for fullt.

Det er ikkje å komme utanom at fotballen fenger mange av oss. Nokre meiner det er for mykje fotball i avisene og på fjernsynet, andre det motsette; dei kan ikkje få nok.
Tysvær Bygdeblad bruker ikkje mykje pengar på fotball, men me bruker tid og spalteplass. Me ligg langt framme på nett, og vil at vår heimeside skal vere ein naturleg plass å klikke seg inn på kampdagane. I tillegg har me ein lokal tippekonkurranse, med flott premie. Ein konkurranse som engasjerer over heile Haugalandet – og vel så det.
For dette handlar ikkje berre om sveitte menn som jagar ball og poeng. Dette handlar om framsnakking, og det å skape engasjement i bygdene våre. Det er ein gyllen måte å vise at «det skjer noko i bygda mi», og det gjennom ein idrett som dei aller fleste skjønar ein del av. Ein skal vere stolt av å spele på a-laget, om det er i 4. divisjon med Skjold, eller heilt nedst i seriesystemet på Nedstrand.
Me i Tysvær Bygdeblad blir stolte kvar gong me får skryt, for at me bryr oss. At me har klart å skape engasjement. Me er glade kvar gong det ringer nokon frå andre aviser eller nyhendemedium, for å få tips eller høyre korleis det går i Tysvær. Det betyr at me begynner å få ut framsnakkinga vår av eigen kommune, og det som skjer der. Og for ein kommune som Tysvær, er slikt svært viktig.
Denne veka begynte laga kampane sine. Vått og kaldt, og lite som minna om vår. Likevel var det nesten 100 som fann vegen til den nye Nedstrand stadion, som nå er like grøn og jamn heile året. God stemning, lokale spelarar og tre poeng. På Frakkagjerd kosa ein kameratgjeng seg til siger mot ein kameratgjeng frå Karmsund. God stemning og tre poeng der også.
For det er viktig å merke seg at Tysvær i år stiller med heile fem a-lag på seniornivå. Menn frå 15 år og til godt oppi 40-åra. Trener og motiverer kvarandre til gjere det best muleg. Kanskje er det snart ein ny Alexander Søderlund, som dukkar opp.
For Søderlund er framleis ei stjerne for mange i Tysvær. Sjølv om skader har vore ein fiende for Førrebuen, kjemper han seg tilbake på banen. Nå for Rosenborg, kor han skåra to mål i seriepremieren, og hamna på framsida av Adresseavisen.
Og fotballfamilien har mykje å sjå fram til. Spanande seriekampar lokalt med Roy Miljeteig, som kaptein for Vard, med Søderlund i RBK og ein haug med kampar i 4., 5. og 7. divisjon. Det er vår folkens; Finn fram varmt tøy og kom på kamp.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør