Espen Sørenes stangar inn 1-0 til Falkeid utan at Håkon Nordheim kan gjere noko med det. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Nord vann heile 5-1 over Falkeid i kveld. Dette bilete er fra vårkampen. Arkivfoto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.04
Bilde 2 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.29
Bilde 3 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.35
Bilde 4 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.41
Bilde 5 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.45
Bilde 6 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.49
Bilde 7 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.36.55
Bilde 8 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.37.01
Bilde 9 av 10
Skjermbilde 2015-04-16 kl. 22.37.07
Bilde 10 av 10

Fem nye mål, og tre nye poeng

Falkeid held fram med å skåre mål i bøtter og spann. Giftigast av alle er Espen Sørenes, som skåra fire på måndag og tre nye i kveld mot Nord. Sondre Voll dundra inn årets mål på Troppene i ein kamp kor Falkeid slo Nord 5-1.

– Det er kjekt å skåre mål og det gir meg ekstra krefter til å jage heile kampen. Me var betre enn dei i dag også, men Nord var betre i kveld enn sist me møtte dei i treningskamp. Det tok litt tid før me fekk 1-0, men derfrå og inn hadde me full kontroll, seier tremålskårar Sørenes.
Jan Egil Kallekodt nikka inn 3-,1 før Sondre Voll for alvor lada høgrefoten. Frå noko som såg ut til å vere frå 40 meters hald fekk han draumetreff.
– Det satt i krysset gitt. Kjente med ein gong då eg trefte at det kunne bli noko. Det blir ikkje mange slike, men det var herleg å sjå retninga på ballen, smiler Voll etter 90 aktive minuttar sentralt på midtbanen.
Stabilt begge vegar

– Me har folk som skårar mål og det er viktig.

For trenar Eivind Eidhammer har sesongstarten vore heilt perfekt.
– Me har folk som skårar mål og det er viktig. Samstundes får me drille forsvaret, som i dag var kompakt og spelte godt saman. Me såg mykje av det mønsteret me har hatt på trening i kamp, og det likar eg. Kor gode Nord og Kopervik 2 er, får me sjå etter kvart. Me har i alle fall skåra 14 mål og tatt seks poeng. det er bra, seier Falkeid-trenaren.
Nord spelte tidvis bra fotball, men var eit nummer for små mot eit Falkeid-lag som ser svært bra ut. Espen Sørenes, Emil Gismarvik og Jan Egil Kallekodt var dei som viste mest igjen. I tillegg til Sondre Voll. Mest fordi hans kanonskott etter 70 minutt fekk dei fleste av dei omlag 100 frammøtte til å glømme kor kaldt det var.

Ny kamp for Falkeid på tysdag. Då mot Karmsund.

Stegaberg speler heime mot Leirvik i morgon, medan Skjold skal til Vats og møte Vats 94/Skjoldar.

Faktaboks

Falkeid 5 (1)
Nord 1 (0)
5. div. avd. 3
Troppene kunstgras
1-0 Espen Sørenes (16)
2-0 Espen Sørenes (51)
2-1 Bjarne Tollefsen (56)
3-1 Jan Egil Kallekodt (58)
4-1 Sondre Voll (70)
5-1 Espen Sørenes (75)
Domar: Kjetil Bruland Sørensen, Stegaberg
Tilskodarar: Omlag 100