Olav Runestad skåra eit nytt mål for Nedstrand i kveld. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Olav Runestad skåra eit nytt mål for Nedstrand i kveld. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Tre strake for Nedstrand

Nedstrand fossar fram i 7. divisjon. I kveld blei det ein ny siger heime på kunstgraset. Sveio 2 blei slått 2-0.

– Me vann 2-0 over Sveio 2 i kveld etter ein ikkje alt for god kamp av oss. Det var store delar av kampen spel mot eit mål, men det kom berre dei to måla i førsteomgang, seier trenar Leiv Askvig.
William Aksland og Olav S. Runestad skåra for heimelaget.

Nedstrand er då på topp av 7. divisjonstabellen saman med Avaldsnes 2.
Tiger tar i mot Stegaberg 2 i Prestegardskogen i morgon.

Også Falkeid speler i morgon. Dei skal til Sakkestadbanen og møte Karmsund.

Kampreferat frå Svein Henry Molde er nå på plass_
Kampen starta i strålande sol og ett forventningsfullt Nedstrandspublikum såg føre seg kalassiffer mot ett lag som var antatt å vera nåke svakt.
Nedstrand festa tidlig grep om kampen men måtte venta heilt te det 28. minutt før ballen satt i notå.
1-0: Ett vidunderlig veggspel mellom Morten Pedersen og Olav Runestad førte te at sistnevnte legger inn til William Aksland som lure ballen i mål fra kort hold.
2-0: Rett før pause og nok ein gong fabelaktig samarbeid av Nedstrand sin spissduo. Morten Pedersen spele Olav flott i gjennom og Olav vippe ballen kontrollert øve Sveio sin keeper.
Med 2-0 til pause rekna dei fleste med målshow i andre omgang. Det skjedde dessverre ikkje, og det er sikkert ikkje NIL-spelerane heilt nøgde med. NIL hadde totalt grep om kampen, men det offensive tok ikkje heilt av. Sjøl når Sveio var heilt tomme ville det seg ikkje. Derfor litt skuffande kamputvikling når me vett ka så bur i detta laget. Legge og te at dagens dommar hadde ett gult kort så han var veldig glad i å visa fram. Trur det kom opp 5-6 gongar. Tom Asheim sitt kort var feilaktig dømt, men spelande trenar Eivind Espevik sitt kort var det ingenting å sei på. Men det er sånt ein må rekna med hos ett ballvinnande midtbaneanker ein gong i ny og ne.
Keeper Morten Mæland måtte stå å frysa i dag. Dei få involveringane han hadde holdt høg klasse. Forsvaret og midtbanen jobbe hardt defansivt og Nedstrand sin seier var aldri trua.
Som kampens beste er det fort gjort å se på Olav og Morten P. på topp, men eg velge å dra fram Ludvig Runestad på venstrebacken som man of the match.Med sin ekstreme fart og og offansive vingback-spel gir han NIL ein ekstra dimensjon i angrepspelet. Knallhardt skudd i tverrleggaren blei det og fra venstrefoten hans.

Faktaboks

Nedstrand 2 (2)
Sveio 2 0 (0)
7. div. avd. 4
Nedstrand stadion
1-0 William Aksland (28)
2-0 Olav Runestad (43)
Domar: Bent Arne Ingebrigtsen, Djerv 1919

Tislkodarar: 90