I kveld var det siste runde i denne omgang, men arrangøren lovar allereie fleire løp til hausten.
– Nå er det full fart med fotball for dei fleste her. Likevel har me hatt så stor deltaking at dette vil me ha meir av. Det er svært positivt at liten og stor, ung og gamal kan kose seg saman på denne måten. Heilt fantastisk, seier Atle Totland.
– Dette er kjempekjekt. Me har vore med nesten alle gongene og i dag skal me få premie for 3. gong. Det er ei heilt grei løype, forklarte kvartetten Håkon Eide Hansen, Unni Marie Heimdal, Jone Amdal og Stian Askeland.
Dessverre gjekk løpet etter at me hadde laga denne vekas avis. Men neste torsdag kjem det mykje meir frå løparfesten på Førland i avisa.
Me slepp nokre bilete i kveld også…