Senterpartiet har mista tre av sine listekandidatar og går nå for dei  18 som er igjen. Frå venstre: Anders Sandvik, Åse Berit Rolland, Marit Hølland Gjedrem, Per Johan Lyse og Sven Ivar Dybdal.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Senterpartiet har mista tre av sine listekandidatar og går nå for dei 18 som er igjen. Frå venstre: Anders Sandvik, Åse Berit Rolland, Marit Hølland Gjedrem, Per Johan Lyse og Sven Ivar Dybdal.

To parti må gjere om listene

Listekabalen er ikkje over. Det var fire personar som søkte om og fekk fritak frå å stå på lister, tre frå Senterpartiet og ei frå Partiet De Kristne.
Partia har fått beskjed om å gi tilbakemelding innan 30.04 om kva dei vil gjere. Partiet Dei Kristne må få på plass ein kandidat, då deira liste berre har seks kandidatar og det lågaste ein godkjenner er sju.

Leiar av Fellessekretariatet, Liv Jorunn Frønsdal, forklarar reglane slik:
Dei endringane de kan gjere er:
Setje inn nye kandidatar på dei tre ledige plassane
La dei andre kandidatane rykke opp og setje inn tre nye kandidatar nedst på lista.
La dei andre kandidatane rykke opp og ikkje supplere med nye namn.
Andre omrokkeringar er ikkje lov.

Det siste alternativet er ikkje aktuelt for Partiet De Kristne – fordi ein må ha minimum sju kandidatar på lista, for å få den godkjent i valstyret 12.05. Den innleverte lista deira hadde sju kandidatar, og dersom dei ikkje finn ein ny person vil ikkje lista deira bli godkjent.
Senterpartiet har allereie gitt tilbakemelding om at dei går for alternativ 3 – altså vert dei tre færre på lista enn den som vart levert inn.

Valstyret hadde møte 21. april og gjorde då følgjande vedtak:
Valstyret fritek følgjande kandidatar frå listeforslag:
Senterpartiet:
Kandidat nr 6 Aud Elin Austerheim
Kandidat nr 12 Svein Helge Høyvik
Kandidat nr 18 Erlend Sande
Partiet De Kristne:
Kandidat nr 4 Anni-Gunn A.F. Turmaz