Av Trude Husevåg, avdelingsdirektør i Skatteetaten
For mange er det knytt stor spenning til det å opne sjølvmeldinga. Få timar etter at den vart gjort tilgjengeleg for våre 3,4 millionar e-brukarar natt til 19. mars, hadde nesten 600.000 vore inne og sjekka. Nokon fekk kanskje varsel om ein uventa baksmell og strammare økonomi dei kommande månadane, mens andre kunne juble over eit auka feriebudsjett. Men sjølvmeldinga er ikkje noko lotteri. Vi i Skatteetaten har førehandsutfylt sjølvmeldinga for deg med dei opplysningane vi har om økonomien din. Sjølv om sjølvmeldinga blir stadig enklare, er det like viktig som før å sjekke at opplysningane er korrekte og fullstendige. Det kan vere at vi manglar opplysningar som du sjølv må fylle ut. Det er difor godt mogleg at baksmellen kan pussast på. Du bør heller ikkje seie deg nøgd sjølv om du blei gledeleg overraska over kor mykje pengar du får igjen. Kanskje har du rett på meir? Har du for eksempel kostnadar knytt til reise mellom heim og fast arbeid som overstiger 15 000 kroner? Då kan du ha rett på reisefrådrag. Dette må du sjølv sørgje for å føre inn i sjølvmeldinga. Nokon kan òg ha rett på frådrag for bompengar og ferjer. Ja, det kan også vere at du har rett på frådrag for barnepass.
Frådraga er mange. Vi i Skatteetaten har utvikla ei rekkje digitale verktøy og kalkulatorar som ligg på skatteetaten.no, og som hjelper deg med å finne frådraga du har rett på. Vi har mellom anna frådragsvegvisar, pendlarvegvisar og vegvisar for sjølve sjølvmeldinga.
Sjølv om det ikkje skulle vere frådrag å leggje til, bør du uansett sjekke at alle opplysningane stemmer. Sjekk mellom anna at det du har fått i løn, og kor mykje du har betalt i skatt, er korrekt. Dette gjer du enkelt ved å samanlikne summane i løns- og trekkoppgåva du får frå arbeidsgivaren din, med tala i sjølvmeldinga.
Stemmer alt, og du verken har frådrag eller endringar i sjølvmeldinga, behøver du ikkje å levere.
Er du av dei som har logga deg inn, opna sjølvmeldinga og bladd deg ned til siste side for å sjå kva du har til gode eller kor mykje du må betale i restskatt, og sagt deg fornøgd? Då vil eg anbefala deg å setje av litt tid før innleveringsfristen 30. april. Sjekk alle frådrag og opplysningar. For du vil vel ikkje risikere å betale for mykje skatt?
Innsendt innlegg.