Det blei mykje gi og ta då Tore Espevik og Nedstrand møtte Stega 2 og Thomas Hovland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Nedstrand og Stega 2 møtes i morgen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nedstrand vann klassisk lokaloppgjer

Det blei ein klassisk 7. divisjonskamp mellom to erkefiendar, som tok i bruk det meste for å vinne. Fire mål, slag og spark, grisetaklingar og fint spel. Innsats langt over tekniske ferdigheiter, og viljen til å blø for drakta. Det heile toppa med ein svak domar. Kan ein ønskje meir? Neppe. Nedstrand slo Stegaberg 2 3-1.

Det begynte i 100 og det låg tidleg mål i lufte på kunstgraset på Frakkagjerd. Men mange stygge situasjonar øydela flyten i spelet og det sto 0-0 heilt til Tom Asheim fekk ballen på feil fot.
– Eg skåra med venstra og det må vere første gongen i mitt liv. Eg rett og slett sleiva ballen i mål mellom beina på keeperen deira. Det var herleg for me stanga mot veggen akkurat då. Det var mange harde og til dels stygge duellar, og då var det vanskeleg å få til noko spel. Dette var ein kamp ingen av laga ville tape, og det bar det preg av, gliste Tom Asheim etter kampen.
Raudt kort
Det einaste kampen mangla var ei utvisning. Den skulle Olav Runestad stått for, men av heilt uforståelege grunnar fekk han verken kort eller tilsnakk, etter å ha hemnsparka Lars Frøyland, Frøyland skulle hatt eit soleklart gult kort for taklinga av Runestad.
– Dommaren slapp det alt for langt. Det var rett og slett farleg utpå der i 1. omgang. Det var «farleg frispark» nummer 50 før han drog opp eit kort, men då var det for seint. Slik blir det når to lag vil vinne og tar i bruk alt adrenalinet som har bygd seg opp. Nedstrand var best og vann fortent, men frykteleg bittert er det. For så veldig stor skilnad på laga var det ikkje, seier Stegaberg 2-kaptein, Øystein W. Jansen.
Etter ein heftig 1. omgang roa det seg ned då Nedstrand og nemnte Runestad auka til 3-0 i 2. omgang. Anders Nyvoll kom med ei redusering, men kampen var kjørt.
Det er første gong desse to laga møtast i serien og Nedstrand har nå fire strake og toppar tabellen. Klarer ein å ha slik tenning i kvar kamp, ja då kan det halde langt for Leiv Askvig og Eivind Espevik sitt mannskap.

Meir om kampen i papiravisa på torsdag.

Faktaboks

Stegaberg 2 1 (0)
Nedstrand 3 (2)
7. div. avd. 4
Frakkagjerd kunstgras
0-1 Tom Asheim (29)
0-2 Eivind Espevik (34)
0-3 Olav Runestad (57)
1-3 Anders Nyvoll (68)
Domar Tommy Lothe, Ølen
Tilskodarar: 50