Hello over there

For eit par veker sidan hadde me på trykk ei trist sak om herjingar på Frakkagjerd. Ungdommar var mistenkt å stå bak øydeleggingar for mange tusen kroner.

Det står i sterk kontrast til mykje av innhaldet i denne vekas avis. For sidan sist har me møtt ungdommar, som på kvar sin måte viser oss eit ungt og friskt Tysvær.
Nonstop-gjengen har me hylla på leiarplass før. Dei har klart å gjere mykje ut av å «leike» med Lego. Når dei kjem heim frå St. Louis med ein ny premie og ikkje minst mykje skryt i kofferten, så er det berre å bøye seg i støvet.
På mange måtar representerer dei oss som det unge og friske Tysvær, som me så gjerne vil stå fram som. Med aktivitetar i alle bygder, både organiserte og uorganiserte, over ein låg sko. Med eit slik bakteppe blir prestasjonane til Nonstop svært viktige.
At elevar frå kulturskulen skal spele slottskonsert i Tyskland er også ei utruleg marknadsføring av kommunen. Det har dei siste åra vore stor aktivitet og lange ventelister i kulturskulen. Det ein har klart å få til gjennom øvingar og engasjement ser me stadig gode døme på, både frå heimeleg scenar og frå andre stader dei stiller opp.
Å representere Tysvær på ein slik måte må vere stas både for musikantane og kulturskulen.
Ungdom og idrett står sterkt i Tysvær. Me har utøvarar på mange nivå, frå OL-jagande padlarar til miniputtar, som kosar seg på kunstgraset.
Fotball er den største idretten i Tysvær og det er med stor glede ein kan konstatere at både Skjold og Falkeid har lag i den eldste jenteklassen. Denne klassen er ofte brukt som eit termometer på om ein har lukkast med jentefotball. Fråfallet har vore skremmande dei siste åra, men nå stiller altså begge desse klubbane lag. At det betyr noko såg me heilt klart når nesten 100 tilskodarar dukka opp i Grinde ein kald vårkveld, og valte å bruke to timar for å heie på jentene. Begge laga bygger opp stallen rundt det å ha det trygt i saman, ha gode sportslege utfordringar og eit god miljø. Falkeid, som fleire gonger har vist godt igjen både i serie og Norway Cup, klarer med denne måten å drive på å halde på jentene.
Det skal vere stas å spele for eit Tysvær-lag, og når ein høyrer kor god jobb klubbane gjer på jentesida er det faktisk stas å skrive om dei også.
Når dette er sagt kjem hendingane langs Frakkagjerdvegen, med øydelagde gjenstandar tett i tett, i eit endå dårlegare bilete. For akkurat nå viser Tysvær-ungdommen veg. I St. Louis fekk Nonstop i tillegg mykje skryt for at dei brydde seg, og hjelpte sine konkurrentar.
Det er sterkt og verd ein pokal.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør