Margaret og Arvid Bakken ønskjer ei løysning på framandspråk 2-problemet i ungdomsskulen no. 
Foto: Mona Terjesen
Sommer, sol, folkeliv og slusing... Foto: Mona Terjesen

– Undervisninga sviktar

Manko på faglærarar i framandspråk gjer at ungdomsskuleelevane ikkje har det grunnlaget dei treng når dei byrjar på vidaregåande. Dette gjer foreldre bekymra.

Av Mona Terjesen
– Me har opplevd det same med alle våre tre døtrer på ungdomsskulen. Ei i tysk og no nummer to i spansk. Dei manglar faglærarar og ungane må lide. Me fryktar at dei ikkje lærer det dei skal, at dei ikkje stiller likt med dei andre og slit når dei kjem på vidaregåande skule, seier Margaret og Arvid Bakken, foreldre på Tysværvåg barne- og ungdomsskule.
Det er berre éin lærar som underviser i andre framandspråk i spansk på skulen i Tysværvåg per no. Denne læraren har siste tida vore sjukmeldt, noko som gjer at dei plutseleg står utan undervisningspersonale i faget.
Deler frustrasjonen
Både Bakken, andre foreldre og foreldrerepresentantane i 10. klasse har gjentekne gonger vore i kontakt med leiinga på skulen, for å finne ei løysning på problemet.
Leiinga forstår bekymringa og bekreftar at spanskfaget er særleg sårbart i Tysværvåg.
– Utfordringa er kjent for oss. Me har sendt brev til dei som no går i niandeklasse med beskjed om at dei kjem til å få ein halvtime meir spansk i veka til neste år. Det er uheldig at eitt fag er avhengig av éin lærar. Me er saman med andre ungdomsskular, i den situasjonen at me ikkje klarer å skaffe fleire med spanskkompetanse, opplyser rektor Geir Dybdahl.

Les heile saka og få fleire kommentarar i papiravisa