Vemund Eskevik skåra to nye mål i kveld då Stegaberg vann 3-1 over vedavåg 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vemund Eskevik skal vere aktuell for Vard. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Sterk sluttspurt sikra tre poeng

Stegaberg er i ferd med å klatre heilt til topps i 5. divisjon etter ein ny sterk siger. Vedavåg 2 tok leiinga, men kunne ikkje stå opp mot heimelaget sin sterke sluttspurt. Det enda 3-1 på Frakkagjerd.

Det såg blytungt ut for Stegaberg då Oddvar Mannes skåra 0-1 etter ein halvtime. Da hadde Kristoffer Askeland skutt vekk det som var av ballar og mulegheiter. Men saman med spissmakker Vemund Eskevik gav han aldri opp.
– Me sløste for mykje før pause og det var sjukt at dei leia 1-0. Men i andre omgang kom me sterkare og sterkare. Til slutt fekk me dei avgjerande måla, forklarar Eskevik som nok ein gong skåra to mål.
– Det siste var litt spesielt…
– Me gjekk opp til 2-1 ved Dag Frode Tønnesen på overtid og dei kjørte fram keeperen på eindaudball. Eg markerte ham og visste kor han var. Då kom der ein lang klarering eg fekk tak og frå midtbanen og inn til mål førte eg ballen, stokk stiv og heilt utslitt. Turde ikkje skyte før eg rulla ballen i det opne målet. det var tungt å spele på gras, og det var ikkje mykje att etter den skåringa, gliser nedstrendingen.
Nøgd
– Dette var jo strålande resultat, trenar Thormod Ness.
– Ja, resultatet er eg godt nøgd med, men me fekk ikkje spelet til gli slik me ville. På slutten var det fullt fokus på å kjempe inn, først ei utlikning og så etter kvart eit sigersmål. Me hadde flest spelarar som orka dei ti siste minuttane og vann på det, seier Stegaberg-trenaren.

Skjermbilde 2015-05-04 kl. 21.35.29

Res: Nord – Kopervik 2 2-0

Torsdag ventar Falkeid på Troppene. Say no more….

Faktaboks

Stegaberg 3 (0)
Vedavåg 2 1 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
0-1 Oddvar Mannes (30)
1-1 Vemund Eskevik (82)
2-1 Dag Frode Tønnesen (90)
3-1 Vemund Eskevik (90)
Domar: Trond E. Hansen, Nord
Tilskodarar: 30