Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.

Jublar for samarbeid

Arbeidet med det nye krysset i Førre kunne ført til ein bråstopp for 17. mai-toget. Ja-menneske over alt blei redninga.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det var leiaren av 17. maikomiteen Signe Lill Førre Jørgensen som kom på at vegarbeidet kunne bli ei utfordring for det tradisjonelle 17. maitoget. Deler av traseen er nå skutt bort.
– Først tenkte me vel litt på andre mulegheiter, men det var vanskeleg. I tillegg er det mykje tradisjon knytt til eit slikt tog, og mange har store forventningar. Dermed var det å sette seg ned med telefonen og håpe på litt hjelp, seier Førre Jørgensen.
Ja
Og hjelp og sympati var det overalt.
– Eg snakka med Einar Færaas i Vegvesenet, som var svært positivt innstilt. Det er snakk om å gå langs avlastingsvegen i Førresbrekka, som er laga til under vegarbeidet. Det er eit godt stykke på ein europaveg, så me var spente. Oppmuntra av det svaret ringte eg til lensmann Racin Tjøsvoll, og det var same svaret å få der også. Han påpeikte at mange vegar var stengt for kortare eller lengre periodar på 17. mai. I tillegg snakka me med Vassbakk & Stol, som er entreprenørar, og det var same svaret der også, seier 17. maikomiteleiaren.

Les heile saka i papirutgåva.