Pallen etter løp 1. Arild Riise, Olav Rygge og Bjørn Tvedt. Foto: Heidi Bjørstad Tvedt
Pallen etter løp 1. Arild Riise, Olav Rygge og Bjørn Tvedt. Foto: Heidi Bjørstad Tvedt

Tysvær på 2. og 3. plass første dag

Da er den aller første NM-runden i asfaltracing over på Vålerbanen. Bjørn Tvedt blei nummer to og Arild Riise nummer tre. Vinnar blei Olav Rygge.
_ Eg er godt nøgd med opninga, sjølv om eg kjørte for siger, seier Tvedt.
– Eg er godt nøgd med ein 3. plass. me har jobba på spreng for å få bilen klar, seier Riise.

Rygge var også best i kvalifiseringa tidlegare på dagen, medan Tvedt og Riise har vore på plassane bak. På den litt korte og svingete banen på Våler, var Tvedt kanskje den aller største favoritten.
Tvedt hadde dagens raskaste rundetid, og tok inn på vinnaren heilt til målstreken. Likevel klarte han ikkje å hente nok på den raske Audien på langstrekka.
Olav Rygge kjører ein Audi TT.
– Er du fornøyd med starten Bjørn Tvedt?
– Fornøyd med eigen innsats, men kjørte sjølvsagt for siger. Var raskare enn Rygge i finalen idag, men hadde ikke mulighet til å komme forbi då bilen hans gjekk vesentlig betre enn min rett frem.

Så nå blir det gøy å forbetre bilen endå meir

Mekanikar Jørgen Thuestad er som vanleg med Riise Motorsport og han var rimeleg godt nøgd med bilen tross litt «barnesjukdomar» etter vinterens dvale.
– Me er nøgd med 3, plass. Det på bakgrunn av eit nytt girsystem og «barnesjukdomar» med dette. Men i den første finalen fungerte Porschen 100 prosent. Så nå blir det gøy å forbetre bilen endå meir. Skal stille inn hjulvinklar, vekt osv. for å gjere den meir optimal, seier mekanikaren til Arild Riise.

Meldt regn
Før helgas løp snakka me med ein av dei hardaste konkurrentane Per Øyvind Seeberg (Porsche). Her er hans oppsummering av dag 1:
«Jeg ble liggende i posisjon 6 ut av første sving og brukte tid på å komme meg opp i feltet, luken ble da for stor opp mot Riise og jeg sikret derfor 4. plassen uten skader. Sesongen er lang, så dagens heat har mindre betydning. I morgen snus startrekkefølgen og meldt regn. Klar fordel for Porsche i forhold til de forhjulsdrevne.»

Sundag er det to nye rundar i NM.

Norsk GT 3 og 4
1. Olav Rygge, 9:24.976 , raskaste rundetid: 58.750
2. Bjørn Tvedt,+ 0.382 sek. bak, raskaste runde: 58.633
3. Arild Riise , + 6.885 sek. bak raskaste runde: 59.272
4. Per Øyvind Seeberg, + 22.794 sek. bak, raskaste runde: 1:00.538