Øystein Jansen og Jan Erik Vatland kom til kort mot Robin Espejo og Åkra 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Øystein Jansen og Jan Erik Vatland kom til kort mot Robin Espejo og Åkra 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gjekk på ein skikkeleg smell

Stegaberg 2 tapte 14-1 for Åkra 2 og fekk dermed kjenne på styrken til dei 2-erlaga som har banen full av gamle a-lagsspelarar. Det kunne vore mykje meir, men keeper Nicholas Charalambous redda laget frå endå styggar siffer.

– Kva skal ein seie etter ein slik kamp? Dei hadde ei rekkje med rutinerte spelarar som trilla ball og skåra mykje mål. Me fekk det ikkje til og blei ståande å sjå på. Dette må me berre glømme så raskt som muleg, seiet Anders Nyvoll, Stegaberg 2 sin målskårar.
Det sto 1-4 til pause, men etter kvilen florerte feilpasningane, og heilt feil posisjonering blei meir og meir synleg. Dei aller fleste av gjestane sine mål, kom etter at Stegaberg-spelarar ikkje orka eller evna å vere med på leiken.
– Det rakna på 5-1, men sånn er det berre. Det er kjipt, men lite å gjøre noko med, seier Nyvoll.
Det mest imponerande sett med Tysvær-auge var at alle dei omlag ti frå Nedstrand som hadde tatt turen haldt ut til siste slutt. Dei møter Åkra 2 neste veke…

Resultat frå 4. div. avd. 3
Vats94/Skjoldar – Avaldsnes 1-1 i 4. div i kveld. Kristian Aas og Einar Utvik jr. noterte seg for måla.

Resultat frå 7. div. avd 4.
Ferkingstad 2 – Tiger 0-9

Kampfakta

Stegaberg 2 1 (1)
Åkra 2 14 (4)
7. div. avd. 4
Frakkagjerd kunstgras
0-1 Roy Pedersen (3)
1-1 Andreas Nyvoll (6)
1-2 Eirik Rutledal (str. 24)
1-3 Arild Iversen (30)
1-4 David Tveit (36)
1-5 Robin Espejo (49)
1-6 David Tveit (51)
1-7 Kristian Rørbakk (55)
1-8 Roy Pedersen (str. 59)
1-9 Robin Espejo (63)
1-10 Henning Larsen (72)
1-11 Robin Espejo (73)
1-12 Robin Espejo (75)
1-13 Robin Espejo (77)
1-14 Henning Larsen (89)
Domar: Åge Eide, Leirvik
Tilskodarar: 20