Av Mona Terjesen
53-åringen har jobba som undervisningsinspektør på skulen i seks år og har siste tida vore konstituert rektor – for andre gong. Og no har altså Inger blitt fast tilsett i stillinga.
– Eg søkte, rett og slett fordi dette er draumejobben min. Det betyr mykje for meg at eg fekk han. Eg er glad for tilliten og kjem til å gjere mitt aller beste for å styre skulen vidare i rett retning, saman med eit dyktig personale, engasjerte foreldre og flotte elevar, seier ho nøgd.
At ho har vore tilsett ved barneskulen i fleire år, kjem godt med i rolla som rektor, nikkar Inger.
– Eg kjenner personalet, elevane og foreldra. Og eg har mange tankar og idear om kva som bør gjerast for å utvikle skulen vidare. Det er utruleg kjekt å jobbe på Frakkagjerd barneskole. Personalet er som sagt dyktig, foreldra er engasjerte og elevane er dei flottaste du kan tenke deg, seier ho.
Les meir i dagens papiravis.