Det er ofte slik at få øydelegg for mange. Også i dette tilfellet. I det siste har det blitt så ille at sjåføren til HIM – Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS, har måtta rydde ein til to gonger i veka.
– No har me komme fram til at det er blitt eit så stort problem at me er nøydd for å gjerne dei. Det ser ut som om nokon har gjort dette om til ein eigen avfallsplass, kommenterer Øystein Hauge, ledar for Næring og transport i HIM.