Publikum møtte fram i det kalde vêret, men måtte gå skuffa heim. Foto: NIL
Publikum møtte fram i det kalde vêret, men måtte gå skuffa heim. Foto: NIL

Tap øydela festen i Nedstrand

Godt over 100 tilskodarar og god stemning til tross. SK Vats 94/Skjoldar var ein skikkeleg festbrems i Nedstrand og vann 3-2.

Det er berre triste meldingar å få fra Nedstrand i kveld. Etter ein god start på kampen tok dei leiinga ved  Svein Tore Kleiberg. Han heada i mål eit hjørnespark. Men så blei det mykje frå gjestane. 1-0 blei til 1-3 framføre 127 tilskodarar.

Mot slutten reduserte Tom Asheim.

Heimelaget hadde fleire sjansar til å sikre seg poeng, men det var rett og slett ikkje kvelden for fotballfest i Nedstrand.