Det kjem fleire nye lærarar til Førland skule til hausten. For skulesjef Paul Tidemand Søvik har det vore ein utfordring å få på plass.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Skulesjef Paul Tidemand Søvik gir seg frå 1. september.

Halvparten gir seg

Halvparten av lærarane ved Førland skule må erstattast etter dette skuleåret. 

Av Alf-Einar Kvalavåg

Det har vore ei vanskeleg sak, som nå ser ut til å gå mot ein slutt. Resultatet er at halvparten av lærarane ved skulen i løpet av dette skuleåret har søkt om overflytting, og fått det frå neste skuleår.

– Eg ønskjer ikkje å gå i detaljer i denne saka, men veit at det nå har komme ut at fleire av lærarane har søkt seg vekk frå Førland. Me har godkjent desse søknadane og funne stillingar til dei som ønska det i andre skular i kommunen. Eit par skal starte opp i stillingar i andre kommunar. Me har fått tak i nye lærarar, og alle desse er kvalifiserte, så me er trygge på at elevane får fagleg dyktige lærarar frå hausten av, seier skulesjef Paul Tidemand Søvik.

Det er ikkje ønskeleg for skulesjefen å kommentere detaljar i det som har skjedd, men Tysvær Bygdeblad veit at det heile grunnar i samarbeidsproblem på skulen.

Les heile saka i papiravisa