Dag Frode Tønnesen skal gifte seg på laurdag, men stilte likevel opp som kaptein for Stegaberg i Sauda, torsdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen skal gifte seg på laurdag, men stilte likevel opp som kaptein for Stegaberg i Sauda, torsdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nå er det alvor, Stegaberg

Stegaberg slo Sauda 3-1 torsdag kveld og toppar nå tabellen suverent etter åtte strake sigrar. Og det er tydeleg at nå er det alvor.

I utgangspunktet hadde Thormod Ness og Stegaberg problem med å få samla troppen til bortekampen i Sauda. Fleire av dei sentrale spelerane kunne ikkje vere med. Like før avreise mangla heile forsvarsrekkja mellom dei Dag Frode Tønnesen.

– Det var litt krise og me spurte om Sauda ville flytte kampen. Det ville dei ikkje, sjølv om det sjølv hadde flytte sin kamp mot Nord på grunn av det same. Då måtte me gjere grep og fekk henta inn mellom anna Sveinung Hellerslien og Torbjørn Steinsland, som begge eigentleg har gitt seg på a-laget, seier Ness.

Det mest imponerande var likevel ein gifteklar Stegaberg-kaptein.

– Dag Frode skal gifte seg på laurdag og skulle planlegge bryllaupet og fekk sjølvsagt fri til det. men kapteinen stilte opp og viste kor mykje det betyr at laget nå er samla som ein eining. Me har eit fantastisk samhald, som me nå også ser sportslege resultat av seier, ein tydeleg nøgd Ness.

Han vil snakke om det meste etter åtte strake sigrar og ei stor luke ned til næraste lag på tabellen. Kampen mot Sauda handla om å få denne luka, eller å få saudabuen heilt opp i ryggen.

Men ikkje om tabellen…

– Dei fleste kan lese ein tabell og det ser sjølvsagt bra ut. Eg har spurt spelerane før sesongstart om dei hadde noko ønskje om plassering på tabellen og stasing der etter. Me blei einige om at me vil bygge opp eit nytt Stegaberg og då var alt på topp-5 lista det me håper på. Eg trur me skal ha beina på bakken ein stund til. Det er mange kampar igjen, seier ein roleg Stegaberg-trenar.

Slik ser rekkja til Stegaberg ut etter ni kampar:

Ferkingstad – Stegaberg 3-2

Stegaberg – Leirvik 3-2

Skånevik – Stegaberg 2-7

Stegaberg – Vedavåg 2 3-1

Falkeid – Stegaberg 1-2

Stegaberg – Kopervik 2 3-2

Karmsund – Stegaberg 1-4

Stegaberg – Nord 3-2

Sauda – Stegaberg 1-3

Stegaberg har da 24 poeng, Sauda har 17 og Ølen, som har ein kamp mindre spelt har 14